Ei vanvitig oppleving i Luster - Vestlandet

/ Vestlandet

Innholdsmarkedsføring fra Kaiman

No ønskjer dagleg leiar Helga Kalhagen at endå fleire skal oppdage kor kjekt dei kan ha det i vatnet hos eit av Noregs mest moderne og kompakte badeanlegg.

– Me har veldig mykje å by på for alle aldersgrupper. Til dei yngste har me plaske- og barnebasseng, blant ungdomen er idrettsbassenget og stupetårna på éin, tre og fem meter veldig populære, medan dei eldre nyter terapibassenget, kulpane og grotta . Skliene våre, Lustraplasket og Fartsrøyret, er godt besøkt av alle, ler Helga, og legg til:

– Alle som vil trene, ha seg ein dukkert eller berre slappe av i sydentemperatur er sjølvsagt hjarteleg velkomen.

 Les meir på www.lustrabadet.no.

Mange tiltrekkjande fasilitetar

Lustrabadet har òg ei eiga vassgrotte, kvilebenk og dusj, heilt ny klatrevegg i glas, samt dampbadstove og badstove.

– Frå badstoveavdelinga er det dør ut til kulpane, som er under open himmel. Her har me ein varmkulp på 39 grader med vassmassasje og kaldkulp som held åtte til tolv grader. I tillegg har me ei «rulle-i-snøen»-sone, som er veldig populær om vinteren.

Les meir om fasilitetane på Lustrabadet.

65 meter lang sklie, idrettsbasseng, klatrevegg, stupetårn og mykje meir er tilgjengeleg på Lustrabadet.

65 meter lang sklie, idrettsbasseng, klatrevegg, stupetårn og mykje meir er tilgjengeleg på Lustrabadet.

Sosialt og helsefremjande

At ein stad som Lustrabadet eksisterer, har mange positive ringverknader for samfunnet.
 
– Då kommunen sette av pengar til Lustrabadet på budsjettet, var det med eit mål om å skape eit helsefremjande tiltak, og ein ny stad der folk i regionen kan trene. Symjing og bading er i tillegg ein veldig sosial aktivitet, og eg stortrivst med å sjå kor mange i alle aldrar som leikar og har det moro på Lustrabadet, smiler Helga.

Eit anna viktig moment er at ein stadig les i media om at nordmenn ikkje kan symje.

– Med Lustrabadet har både barn og vaksne i regionen høve til å lære seg å trivast i vatnet, noko som gjer det lettare å fullt ut utnytte den fantastiske Sognefjorden me har som nabo her, seier ho.

Sjå opningstider på Lustrabadet.

– Eg stortrivst med å sjå kor mange i alle aldrar som leikar og har det moro på Lustrabadet, seier Helga Kalhagen.

– Eg stortrivst med å sjå kor mange i alle aldrar som leikar og har det moro på Lustrabadet, seier Helga Kalhagen.

Vass-suksess

Eitt år etter opning er folk samde om at Lustrabadet er ein stor suksess.

– Me har hatt nær 52 000 besøkjande det siste året. 40 000 i 2013. Det er fantastiske tal i ein kommune der det berre bur 5000 menneske spreidd over eit stort område. Me merkar at me har veldig mykje besøkjande frå nabokommunane, og det er veldig hyggeleg. I tillegg tok det heilt av med turistar her i sommar, fortel Helga.

Ho seier at både lokalbefolkninga og turistar ofte kombinerer andre aktivitetar i det naturskjønne og kultursterke området inst i Sognefjorden med eit besøk på Lustrabadet.
 
– Her kan både barn og vaksne få eit alternativ til besøk i skisenter, fjellheimen eller på fjorden, garanterer Helga.

Sjå nokre av dei mange aktivitetane du kan gjere ved Lustrabadet.

Eittårsmarkering med ordførarsklier

Ordførarane Ivar Kvalen i Luster kommune, Jan Geir Solheim i Lærdal kommune, Noralv Distad i Aurland kommune og Jarle Aarvoll i Sogndal kommune deltok i skliekonkurranse under opninga av Lustrabadet. Om nokre få veker vert det omkamp! FOTO: Ørjan Talle, Sogn Avis

Ordførarane Ivar Kvalen i Luster kommune, Jan Geir Solheim i Lærdal kommune, Noralv Distad i Aurland kommune og Jarle Aarvoll i Sogndal kommune deltok i skliekonkurranse under opninga av Lustrabadet. Om nokre få veker vert det omkamp! FOTO: Ørjan Talle, Sogn Avis

No ser Helga fram til eittårsmarkeringa som skal vere 1. november.
 
– Det vert ein stor folkefest, der me håpar å ha både livemusikk og filmvisning. Heilt sikkert er det i alle fall at det blir bursdagskake til alle. Og ikkje minst, ein omkamp av «Ordførarane sin skliekonkurranse», som me hadde ved opninga. Det vert ei fin markering og ein god start på år nummer to, som vil bli endå betre enn det første.

Følg med på Facebook-sida til Lustrabadet for meir informasjon om eittårsmarkeringa.