Få teikn på krise - Vestlandet

/ Vestlandet

Innholdsmarkedsføring fra Kaiman

Verksemdene i Hordaland jaktar stadig på dei beste hovuda og dei flittigaste hendene. Men sjølv om arbeidsmarknaden er stram, er det framleis vekst i økonomien i Hordaland. 4 000 fleire kom i jobb i 2012. Det er ein vekst på rundt 1,5 prosent. Talet plasserer fylket godt over gjennomsnittet for landet, og også eit par hakk over nabofylket, Rogaland i sør. Tilveksten er likevel noko lågare enn i 2011 då 6 000 nye arbeidsplassar vart skapt. Samstundes vart det etablert 4 900 nye føretak i fylket i 2012. Det er over 300 fleire enn året før.

Nokre fleire utan arbeid

Dei siste tala frå arbeidsmarknaden kan likevel tyde på ei svak nedkjøling av økonomien, også her vest. Sidan utgangen av desember i fjor har arbeidsløysa auka frå 1,9 til 2,0 prosent. Det inneber knapt 400 fleire arbeidsledige. Samstundes er talet på sysselsette noko lågare i første kvartal 2013 enn i siste kvartal i fjor. Arbeidsmarknaden må likevel karakteriserast som stram. Tilgangen på ledige stillingar er så langt i år om lag fire prosent høgare enn i fjor og berre Rogaland kan skilte med ei lågare arbeidsløyse enn Hordaland.

Gullkysten

Konturane av ein oljesmurt vestkyst som skil seg markant frå resten av landet, har vorte tydelegare den siste tida. Dei fire Vestlandsfylka ligg alle på botn når det gjeld arbeidsløyse. Gjennomsnittet i desse fylka er på 2,0 prosent, i resten av landet ein knapp prosent høgare. At dette skuldast det høge aktivitetsnivået i petroleumssektoren, er etter kvart gamalt nytt. I fjor vart 172 milliardar investert i denne sektoren. Ein betydeleg del hamnar i ordrebøkene til verksemder i dei fire vestlandsfylka, særleg i Rogaland og Hordaland. Dette skapar inntekter og ringverknader som også kjem resten av næringslivet til gode. Mykje tyder på at vekstimpulsane frå petroleumssektoren skal halde seg sterke også i tida framover. Nærare 200 milliardar vil bli investert i år i følgje SSB sine prognosar frå februar.

Grunn til uro?

Men desse prognosane vart utarbeidd før det sterke fallet i oljeprisen som vi har sett dei siste vekene. Om dette fallet er resultat av varige endringar i etterspurnaden, og ikkje berre sesongmessige variasjonar i overgangen mellom vinter og sommar, vil nok investeringsviljen til aktørane på den norske sokkelen måtte justerast ned.

Det som gir størst grunn til uro, er signala om redusert vekst i Kina. I januar i år passerte Kina for første gong USA som verdas største importør av råolje. Landet har fyrt godt opp under oljeprisen dei siste par åra. Ein annan viktig faktor er dei nye funna av skiferolje, som er i ferd med å gjere USA sjølvforsynt med fossil energi. Men utvinning av skiferolje har høgare marginalkostnader enn den norske oljeproduksjonen. Om råoljeprisane skulle falle ytterlegare, er det difor skiferoljeproduksjonen som først vil bli ramma.

Med i dette biletet høyrer også endringane av bedriftsskattlegginga som regjeringa la fram denne månaden. Ved å justere ned taket for kor stor del av investeringskostnadene som operatørane kan trekkje frå, vil dei mest marginale utbyggingsprosjekta kanskje ikkje lenger være lønsame. Regjeringa ønskjer med dette å legge ein svak dempar på investeringstempoet.