Feirar 15 år med operamaraton - Vestlandet

/ Vestlandet

Innholdsmarkedsføring fra Kaiman

Det er ein spent og aldri så lite kry operasjef som inviterer til ti framsyningar av operetten Flaggermusen, samt tre visningar av balletten Nøtteknekkaren i oktober.

– Vi har lenge hatt eit ønskje om å ha ei familieførestilling, og Nøtteknekkaren er også vår første ballett. Då er det ekstra kjekt at over 60 born og ungdommar i alderen 4-19 år frå Ballettskulen i Eid deltek i førestillinga, samt fire unge og lovande, profesjonelle dansarar: Ane Jørgine Frøyen frå Kalvåg , Jonas Pedersen Øren frå Høyanger, Magnus Emaka Einang frå Sandsøya på Sunnmøre og ballettkollega av Jonas, Anette Antal frå Oslo, seier operasjef Kari Standal Pavelich.

Book operabillettar her.

Når Opera Nordfjord feirer sine første 15 år, skal dei vise fram kostymer frå fleire av førestillingane dei har hatt. Då kan ein blant anna sjå kostymer frå «Tryllefløyten», som vart sett opp i 2011. Foto: Tormod Flatebø, Fjordabladet

Når Opera Nordfjord feirer sine første 15 år, skal dei vise fram kostymer frå fleire av førestillingane dei har hatt. Då kan ein blant anna sjå kostymer frå «Tryllefløyten», som vart sett opp i 2011. Foto: Tormod Flatebø, Fjordabladet

Fornyar sitt første stykke

Med oppsetnaden av hovudproduksjonen, operetten Flaggermusen, ser Opera Nordfjord tilbake til den første førestillinga deira på Fjordane Folkehøgskule i 1998. Sidan 2009 har dei halde til i Operahuset Nordfjord.

– Vi har utvikla oss mykje sidan Flaggermusen vart sett opp for 15 år sidan, sjølv om vi framleis er stolte over kva vi klarte å få til den gongen med små midlar – dei fire førestillingane var utselde tre veker før premieren, seier ho.

Ifølgje operasjefen byr årets oppsetting på solistar av internasjonalt format, storslagne og fargerike kulissar, designa av scenograf Åse Hegrenes frå Jølster, vakre kostyme frå eiga systove, wienervalsar, intrigar og forviklingar, som til saman blir ein fryd for både auge og øyrer. Til premierane kjem blant anna celebert besøk frå Den Norske Opera & Ballett, representert av operasjef Per Boye Hansen og ballettsjef Ingrid Lorentzen.

Les meir om førestillingane

Opera Nordfjord sette opp førestillinga «Madama Butterfly» i 2012. I år satsar dei stort på hovudproduksjonane «Flaggermusen» og «Nøtteknekkeren». Foto: Tommy Bredesen

Opera Nordfjord sette opp førestillinga «Madama Butterfly» i 2012. I år satsar dei stort på hovudproduksjonane «Flaggermusen» og «Nøtteknekkeren». Foto: Tommy Bredesen

– Avhengige av dei frivillige

Det første leveåret hadde Opera Nordfjord eit stramt budsjett på 750 000 kroner, kort innøvingstid, få kulissar og folk som arbeidde dugnad. I dag har dei eit bruttobudsjett på 8 millionar kroner, 3,3 millionar kroner i statsstøtte, tre faste tilsette og eit stadig veksande dugnadsapparat.

– Eg har heile tida skrytt av dei frivillige, som har støtta oss i alle år. Utan amatørane hadde ikkje dei profesjonelle hatt arbeid. I fjor vart det til saman brukt rundt 13 000 timar i frivillig arbeid på Madam Butterfly, seier Pavelich.  Eid VGS, som er ein uvurderleg samarbeidspart i kulisseproduksjonen kvart år, utgjorde åleine over 5000 av desse arbeidstimane i 2012.

Følg Opera Nordfjord på Facebook for å få dei siste oppdateringane

Skapte operabølgje i fylket

I Sogn og Fjordane har Opera Nordfjord gjort operakunsten kjend for folk flest gjennom eit lokalt tilbod med opera.

– Vi har skapt ein ny trend og eit nytt behov i fylket. Med flott song, musikk, scenografi og kostyme er opera sett saman av mange forskjellige kunstformar som fengjer interessa til folk. No ser vi fram til å profesjonalisere Opera Nordfjord vidare, no eit større publikum og kanskje lage endå fleire produksjonar, smiler Pavelich.