Treng Norge ein regional politikk for forsking og innovasjon? - Vestlandet

/ Vestlandet

Innholdsmarkedsføring fra Kaiman

Den offentlege finansieringa av  forsking i Norge er sterkt sentralisert. I 2010 gjekk 92 prosent  av tildelinga av forskingsmidlar frå Norges Forskningsråd til forskningsmiljø i Oslo-området, Bergen, Trondheim og Tromsø. Sjølv om 70 prosent av all næringsverksemd og offentleg tenesteproduksjon foregår utanfor storbyregionane, går berre 8 prosent av forskingsmidlane til desse delane av landet.

Fagleg fornying og vidareutvikling av FOU-miljø utanfor dei store sentra er utfordrande. Dei regionale forskingsinstitutta har lågare basisbevilgning frå Forskningsrådet enn nasjonale institutt. Dette reduserer effekten av viktige program som Arena, NCE, VRI og regionale forskingsfond, som er innretta mot å hauste frå dei regionale kunnskapsmiljøa. Evaluering av institutta viser at oppdragsgjevar opplever like god fagleg kvalitet og relevans hos regionalt plasserte forskingsinstitutt som hos større nasjonale institutt. Forskingsmeldinga signaliserer at politikken overfor dei regionale institutta ligg fast, trass i at evalueringa av institutta tilrår like vilkår med nasjonale institutt.

Regionalmeldinga peikar på at ”Fysisk nærleik til FoU-miljø og andre verksemder er viktig, men viktigast er tilgangen til rett kompetanse”. Det er eg enig i. Men er det ein motsetnad mellom fysisk nærleik og rett kompetanse? Fysisk nærleik inneber også kulturell nærleik; felles referanseramme, begrepsapparat mv. Innovative klynger består av bedriftsmiljø og kunnskapsmiljø i samspel.

Iflg SSB har talet bedrifter som investerer i FoU gått ned. I 2012 investerte 18% av norske bedrifter i FoU. Technopolis uttrykker i evaluering av Forskingsrådet uro for at Norge i for liten grad investerer i nye bedrifter og framtidas næringsliv i «skuggen» av oljesektoren i den todelte norske økonomien. Innovasjonstakta i norsk næringsliv er iflg OECD synkande og lavare enn i våre samarbeidsland. Det gir grunn til bekymring med tanke på omstillingsbehovet i norsk økonomi.

Når bedrifter og forskingsmiljø samarbeider, auker innovasjonstakta. For å få til eit samspel som fungerer som ”open innovasjon”, må bedriftene ha eigne ressursar til FOU og forskingsmiljøa må ha tilstrekkeleg med frie ressursar til å fungere risikoavlastande for bedriftene. Dei regionale forskingsinsmiljøa har ein viktig rolle i å mobilisere bedrifter og offentlege verksemder til forskingssamarbeid og utviklingsprosessar. Ein suksess i norsk regionalpolitikk har vore å kombinere utnytting av rike naturressursar med investeringar i utdanning og forsking.

Dess meir kunnskapsbasert Norge blir, dess sterkare krav blir stilt til samanheng mellom nærings-, utdannings-, forskings- og regionalpolitikk. Eg trur vi treng ein regional forskings- og innovasjonspolitikk som ein del av løysinga. Er i så fall regionnivået klar for å ta rolla?